Konfirmasjon i Nordfjord
Her finn du informasjon om konfirmasjon i Nordfjord i 2024.
Helgekurs
-
Kurset startar opp i januar/februar 2024.
-
Kurshelgane går føre seg 3.-4. februar og 2.-3. mars.
-
Kvar dagsamling vil vare om lag fem timar.
Til saman skal ein ha 20 timar med kursinnhald.
-
Kurset vert halde på Eid vidaregåande skule.
-
For å gi ungdomen viktige verktøy for å klare seg i vaksenlivet, fyller vi konfirmasjonskurset med samtaler og øvingar som skal vere med på å gjere ungdomane trygge og meir reflekterte.
På kurs jobbar vi for å gjere det enklare for din ungdom å:
- stille spørsmål og tørre å tenkje annleis
- bli betre kjend med eigne verdiar og grenser
- møte andre med toleranse og respekt
Leirkurs
-
Leir er eit flott kursalternativ for konfirmantar som ønskjer eit intensivt kurs med ekstra fokus på det sosiale, med fleire varierte fritidsaktivitetar. Kurset inneheld 20 faglege timar, men har har òg mykje sosialt.
Leirkurset på UWC-leiren er ope for konfirmantar frå heile Sogn og Fjordane.
-
Leirkurset går føre seg i vinterferien på UWC-leiren på Flekke.
Kurset går over fire dagar med tre overnattingar.
-
Leirkurs er eit av alternativa under påmelding, men plassane forsvinn fort! Finn du ikkje kurset i oversikta, kan det vere fordi det har fulle ventelister.
Seremonien
-
Det vil vere seremoni laurdag 4. mai.
Talet på seremoniar og tidspunkt for desse vert bestemd etter påmeldingsfristen i oktober, når vi har oversikt over tal på påmelde konfirmantar.
-
Seremonien finn stad i Operahuset Nordfjord.
-
Seremonien varer i om lag ein time.
-
De melder frå om talet på ønskte gjesteplassar i påmeldingsskjemaet.