Konfirmasjon i Sogn og Fjordane
Alle ungdommar som ønsker det kan velja Humanistisk konfirmasjon, uavhengig av eige eller forelders livssyn. Ingen blir medlem i Human-Etisk Forbund utan å aktivt melda seg inn.
Personar som har fylt 15 år, kan sjølv melda seg inn i eller ut av tros- og livssynssamfunn.
Dette er kvar vi arrangerer Humanistisk konfirmasjon i 2021
- Operahuset 8. mai kl 11 og 13
- Førdehuset 8. mai kl 11 og 13
- Flora Samfunnshus 8. mai kl 12
- Sogndal Kulturhus 22. mai kl 11 og 13
Seremonien
Seremonien er ein hyllest til ungdommane. Alle konfirmantane sit på scena under heile seremonien, her vil dei få utdelt kursbeviset sitt og ein blome. Dette er ei høgtideleg markering som inneheld ulike kulturinnslag som musikk, song, og ein spesielt invitert gjest held tale til konfirmantane.
Det er også alltid ein konfirmant som held tale på vegne av konfirmantane. I forkant blir alle konfirmantane samla til taleverkstad der dei får tips til å laga talen, og moglegheit å øva på framføring for å vera trygg i rolla si som talar.
Er prisen ei utfordring?
Vi kan innvilge betalingsavtale eller redusert pris, for eksempel for familiar med lav inntekt.
Slik søker du:
· Meld på konfirmanten som normalt.
· Send ein e-post til monica.johansen@human.no
· I e-posten oppgir du ditt namn og konfirmantens namn/registreringsnummer. Spesifiser om du ønsker oppdelt betaling, utsatt frist, eller om du har behov for redusert pris.
· Deretter vil vi ta kontakt med deg for å komme fram til ei løysing.