Hopp til hovedinnhold

Bli frivillig i Human-Etisk Forbund!

I februar held alle våre lokallag sine årsmøte, og fleire treng nye styremedlem! Eit styreverv i Human-Etisk Forbund er givande og engasjerande.
Sogn og Fjordane

Kva som motivera for å engasjere seg kan vere så mangt.  

Vi er oppteken av at den som engasjerer seg i organisasjonen skal få gjere ei oppgåve dei trivest godt med. Nokon ynskje å delteke på seremoniane våre, nokon vil ha eit streverv, og nokon ynskje å setje stand lokal aktivitet.

Human-Etisk forbund er ein medlemsorganisasjon og eit livssynssamfunn, som medlem blir du tilhøyrande i eit lokallag der du bur.

Frivilligheten høyrer til eit lokallag, eller til regionlaget, avhengig av kven som arranger aktiviteten.

Dei ulike lokallaga arrangerer ulike arrangement som du kan delta på, eller engasjere deg frivillig i. Kanskje det boret ein vigslar eller gravferdtalar i deg, eller har du kanskje lyst til å hjelpe til med å dele ut program på ein seremoni?

Ønsker du å ta på deg eit verv, vil du sjølvsagt få den opplæringa du treng

Uansett er du hjarteleg velkome! 

I Sogn og Fjordane har 3 lokallag:

  • Førde og omegn
  • Indre Sogn
  • Nordfjord

I Flora og Bremanger har vi eit aktivt utval som arrangerer konfirmasjon og namnefest. 

Her kan du melde din interesse for eit verv.

Send oss ein epost så set vi deg i kontakt med valkomité eller lokallag!