Hopp til hovedinnhold

Vil du bli gravferdstalar?

Vi treng fleire gravferdtalarar i våre tre fylke!

Vi har i dag eit flott team av dyktige gravferdtalarar i region vest, både erfarne og nye, men frå tid til annan er det nokon som gir seg grunna heime- eller jobbsituasjon, og vi har no eit behov for påfyll av nye gravferdtalarar i alle våre tre fylke.

Liker du å skriva, møte menneske på ein god måte, og har moglegheit til å ta oppdrag på dagtid i vekedagar? Brenn du for at Human-Etisk Forbund kan halda fram med å tilby humanistiske gravferdseremoniar? Då er dette kanskje noko for deg. Talarne våre blir honorerte og får dekt utgifter til reise.

Å vera gravferdtalar inneber å hjelpa dei pårørande med planlegging og gjennomføring av gravferda, og dessutan å skriva og halda ein minnetale til ære for den avdøde.

For å kunna bli talar må du delta på eit kurs og få sertifisering som taler. I løpet av kurset får deltakarane opplæring både gjennom teori og praktiske øvingar. Etter to kurshelgar ventar sertifiseringen, som blir gjennomført saman med to av dei erfarne gravferdtalarane våre. Kandidaten har då gjennomført ein pårørandesamtale med fiktive familiemedlemmer og laga eit forslag til ein gravferdseremoni med minnetale, program og køyreplan. Sertifiseringen består mellom anna av framføring av minnetalen ikledd passande antrekk for ein gravferd.

 

Vil du vita meir? Slå gjerne på tråden til organisasjonsrådgivaren vår i Region Vest Monica Johansen på 41 61 86 16 eller send ein mail til monica.johansen@human.no

imageeylly.png