Takk til våre frivillige
Vi vil i tida som kjem dela små intervju med nokon av kursleiarane våre og frivillige som har kasta seg rundt og tenkt heilt nytt.
Fyrst ut er Anne Marie Baugstø-Hartvigsen som er kursleiar og konfirmasjonsansvarleg i Florø.
Korleis opplever du å vera kursleiar i denne ekstraordinære sitasjonen?
- Det har vore spesielt, men heldigvis har forbundet vore flinke til å ta seg av kommunikasjonen rundt det praktiske, slik at vi har unngått unødig forvirring. Samarbeidet med dei andre kursleiarane gjer òg alt mykje enklare.
Kva gjer du for å halda kontakten med konfirmantane?
- Vi i Florø har bestemt oss for å bruka brevkurs for å gjennomføra dei to siste samlingane i kurset.
Kva håper du at konfirmantane sit igjen med etter kurset ditt?
- Eg håper at vi har sett i gang nokon tankar og refleksjonar rundt verdiar som konfirmantane vil ha med seg vidare i livet. Og ikkje minst ei forståing av kor grunnleggande viktig det er at vi alle respekterer verdien til kvart enkelt menneske i seg sjølv.