Vi treng kursleiarar i Sogn og Fjordane for konfirmantane i 2021
Som kursleiar får du ansvar for ei gruppe på ca. 14 ungdommar. Du får ansvar for å leggja opp og gjennomførakurskveldar som går ettermiddag/helgedag ein gong i veka med omlag 2 -3 timar kvar gong. Det er også forventa at kursleiar er med på ein overnattingsleir for konfirmantane og på sjølve seremonien. Kursa blir avslutta med ein høgtideleg seremoni i mai.
Kursleiarvervet er eit frivillig verv i ditt lokallag, men det følgjer med eit honorar og du får full opplæring. Alle som er kursleiarar har òg krav på attest.
Vi har dei følgjande stadane til kurs i Sogn og Fjordane:
- Flora/Bremanger
- Førde og Omegn
- Indre Sogn (Sogndal)
- Nordfjord
Tema i kurset er:
- Menneskerettar
- Livssyn, etikk, humanisme
- Kritisk tenkjing
- Ulike etiske spørsmål
Kursleiar må:
- Kunne identifisere seg med humanismen som livssyn
- Vera eller bli medlem i Human-Etisk Forbund
- Kunne få god kontakt med ungdom
- Kunne samarbeide
- Vera ein tydeleg vaksenperson
- Leggja fram politiattest
- Delta på obligatorisk opplæring i Bergen
Kursleiarvervet er honorert med kr 9000
Er dette noko for deg? Send e-post med presentasjon av deg sjølv, og kor du kan tenka deg å bidra til sognogfjordane@human.no ring 488 98 300.