Hopp til hovedinnhold

Atheism is not a crime!

Human-Etisk Forbund har saman med den internasjonale humanistrørsla starta ein kampanje etter at Mubarak Bala, leiaren av Humanist Association Nigeria, tysdag 28. april vart arrestert av to politifolk i sin eigen heim for blasfemi mot profeten Mohammed.

Human-Etisk Forbund i Noreg er i ei særstilling som den største humanistorganisasjonen i verda, internasjonalt er det langt færre organisasjonar. Noko som fører til at sekulære humanistar ikkje har eit like stort apparat eller eit nettverk som tar vare på dei. Kombinert med at det i heile 12 land er dødsstraff for å vera humanist/ikkje truande er det svært risikabelt for mange å stå fram som dette.

Nok ein gong er det tydeleg kva for ein risiko det kan innebera å ytra religionskritikk i strengt religiøse område. 28. april vart den nigerianske humanistleiaren Mubarak Bala arrestert i sin eigen heim i delstaten Kaduna, kort tid etter at det skal ha vore skuldingar mot han om blasfem i nabodelstaten Kano. Der holdast han no i isolasjon utan rettshjelp. Bala vart arrestert for å ha fornærma profeten Muhammed og risikerer dødsstraff i Sharia-domstol.

No er det viktig at vi står saman for ytringsfridom!

Vi er svært opprørte over arrestasjonen, og har derfor sendt eit brev til norske utanriksstyresmakter for å be dei om å ta opp Balas sak. Vi sender òg førespurnad til politiske parti, og organisasjonar der vi ber om hjelp til å få søkelys på at ytringsfridom og trusfridom må gjelda oss alle.

Her kan du sjå korleis humanistar har mobilisert til støtte for #FreeMubarakBala

 

Bildet kan inneholde: 15 personer