Kursleiar – noko for deg?
Vi treng kursleiarar i heile fylket.
Kan du snakke med menneske på 14-15 år og er du villig til å diskutere viktige problemstillingar på deira premisser? Då er det kanskje deg vi ønskjer som kursleiar til kursa som startar i februar og avsluttast med fin seremoni tidleg i mai?
Kursstad er Volda, Ulstein, Ålesund, Blindheim, Ørskog, Sykkylven, Brattvåg, Molde, Sunndalsøra, Surnadal, Smøla og Kristiansund.
Eit kurs har ca. 15 konfirmantar og lokallaget organiserer ramma rundt.
Sentrale tema i kurset:
- Humanisme og livssyn
- Menneskerettar
- Kritisk tenking
- Etikk
- Identitet
Som kursleiar får ein:
- Opplæring
- Honorar på kr 10.000,-
- Oppfølging og støtte
Kursleiarar må:
- Kunne få god kontakt med ungdom og samarbeide med andre
- Være ein tydeleg vaksen
- Være medlem i Human-Etisk Forbund
- Være 18 år eller eldre
- Levere politiattest
- Delta på opplæringshelg i Molde 13.-15 november (opphald, reise og mat dekkast)
Send ein kort søknad til moreogromsdal@human.no om dette er noke for deg, så tar vi kontakt med deg. Du kan og ringe 96 00 47 50
Søknadsfrist 19. oktober 2020