Hopp til hovedinnhold

Minneord om Per Skjæveland

Per Skjæveland var med på å starta lokallaget for Human-Etisk Forbund på Stord i 1982.
Nyheter Hordaland
Per hadde budd her sidan 1971 då han starta som røntgenlege ved fylkessjukehuset. Per vart vald til leiar. Han var ikkje så lysten på leiarvervet, men tok det på seg fordi han meinte det var viktig med eit alternativ til kyrkja og mellom anna konfirmasjonen der.
 
Per likte ikkje å gå ut og fronta ulike saler, men han var ei svært viktig inspirasjonskjelde i Human-Etisk Forbund, ikkje bare på Stord og i Sunnhordland.
 
Me lærte Per å kjenna som ein kunnskapsrik, roleg og lun, kjenslevar og inkluderende familiemann som brydde seg om folk og relasjonar. Ein som var interessert og med mangfaldige interesser. Per møtte andre som medmenneske med likeverd og uten fordommar. Han gjekk i djupna.
Det var sjølvsagt for Per at borna sjølve måtte finna sine vegar og sitt livssyn. Han var oppteken av å dela og vidareføra gode verdiar og bidra til meining i kvardagane. Han påpeika at utdanning var viktig.
 
Per vaks opp på Bryne og opplevde krigen og etterkrigstida i ungdomen. Han var ti år gammal då faren Tønnes vart henta av tyskarane under krigen. Faren døydde i tysk fangenskap i januar 1945. Det sette sitt preg på unge Per. I Time Historielag si årbok frå 2015 fortel Per «Historien om far – Tønnes Skjæveland: Offiser, lærar, familefar, krigsfange».
 
Det er ein kunst å kunna sjå det morosame i både små og store ting, kunna dela det med andre – og skapa lune smil. Per kunne den kunsten, til glede for seg sjølv og for andre. Han kunne kommentere at kona Arnlaug var på orienteringsløp og sprang frå post til post, medan Per gjekk til postkassen for å henta post.
 
Per var også tidleg medlem i Naturvernforbundet, Leger mot atomvåpen og Mållaget. Han engasjerte seg også på den måten i saker han var oppteken av og trudde på.
 
Desse verselinjene av Per sin ven, Olav H Hauge, minner oss om Per sjølv:
Møt ikkje med gøyande hund, hotande hand, trakk ikkje i rugen!
Men syn oss åkeren din ei morgonstund! - Slik såg Olav H. Hauge for seg eit godt menneske, og me kjenner igjen Per. Han møtte ikkje «gøyande hund med hotande hand», han «trakka ikkje i rugen». Per synte oss åkeren sin med den stillferdige veremåten, gjerningar og engasjementet som han lot tala for seg.
 
Per gjekk aldri til verbal krigføring, heller ikkje for krigføringa si skuld. Han var stillferdig og roleg, og likevel sakleg og tydeleg i forhold til eigne forankra verdiar, som omsorg for andre og like rettar for menn og kvinner. Han søkte ikkje leiarverv i HEF’s lokallag for å oppsøkja strid eller kjenna seg stor. Han tok ansvar fordi han såg det som viktig for folk på Stord.
Takk og fred over Per Skjæveland sitt minne.
 
Skrevet av
Arild Stensland og Geir Rommetveit,
Human-Etisk Forbund
Publisert i avisa Sunnhordland 9.november
Bildet kan inneholde: 1 person, striper, nærbilde og utendørs