Hopp til hovedinnhold

Nordisk humanistmanifest 2016 (Nynorsk)

# Manifestet

Humanismen er eit sekulært livssyn

Det har som utgangspunkt at menneska er del av naturen, fødd frie og med same menneskeverd og rettar, utstyrte med fornuft og samvit.

# Humanistar meiner at det ikkje er noko førehandsbestemt meining med tilværet

Vi er frie til å finne meining og mål i eigne liv, gjennom individuell refleksjon, sosial samhandling og ved hjelp av den rike kultur vi menneske har skapa innan vitskap, filosofi og kunst.

# Humanismen fremjar rasjonalitet

Kritisk undersøking, kunnskapsbasert argumentasjon og ein vitskapleg tenkemåte er våre beste verktøy for å skaffe oss påliteleg kunnskap om verda.

# Humanistar oppmodar til kritisk gransking av alle idear og oppfatningar, også våre eigne

Vi bør finne fram til dei beste argumenta og freiste å endre våre meiningar og overtydingar når det viser seg at vi tek feil. Ytringsfridom er avgjerande for å kunne etterprøve meiningar i open debatt.

# Humanistar reknar demokrati, rettsstat og menneskerettar for å vere grunnleggjande, rasjonelt grunngjevne verdiar

Vi er ein del av eit fellesskap og har ansvar for våre medmenneske og for miljøet, både lokalt og globalt. Vi må sikre at planeten vår er leveleg for komande generasjonar.

# Humanismen fremjar likeverd for alle

Humanistar respekterer trusfridomen og alle sin rett til å velje eige livssyn. Staten bør vere sekulær og ikkje gje noko livssyn særskilde privilegier.