Hopp til hovedinnhold

Nå kan kommunen overta gravferdsforvaltninga

Døden rammer oss alle, før eller seinare. Det er noko vi har til felles. Men religion har vi ikkje til felles lenger. Sånn har det vorte. Som Kong Harald sa det i ein tale i 2016: «Nordmenn trur på Gud, Allah, altet og ingenting». Med andre ord: Vi er ein mangfaldig gjeng.
  • Dette innlegget har vore på trykk i fleire norske avisar, underteikna våre lokal- og regionlagsleiarar. 

69 prosent av Noregs befolkning er medlem i Den norske kyrkja. Det betyr at resten, 31 prosent av oss, står utanfor Den norske kyrkja. Det er 1,7 millionar menneske – nesten kvar tredje person du kjenner.

Derfor er det feil at dette eine trudomssamfunnet – Den norske kyrkja – skal ha ansvaret for alle gravplassar. Slik var det faktisk fram til nyttår. Den norske kyrkja har i alle år hatt einerett på å forvalte gravplassar på vegne av oss alle, uansett om vi har vore medlem i kyrkja eller ikkje.

Slik er det ikkje lenger. Frå nyttår fekk vi ein ny lov som inneber at alle kommunar nå kan ta over dette om dei ynskjer.

I den nye loven fortsett Den norske kyrkja å ha ansvaret for gravplassforvaltninga som ei normalordning. Men viss kommunen ynskjer å overta ansvaret, er det staten som avgjer saka. Kyrkja har ikkje lenger noko einerett eller vetorett slik dei hadde før.

Human-Etisk Forbund er svært nøgd med denne endringa. Vi meiner Den norske kyrkja ikkje bør ha eineansvaret for en slik fellesoppgåve i eit mangfaldig samfunn som vårt. Slike fellesoppgåver bør ligge til kommunen. Då vert det likt før alle. Det er uansett kommunen som betaler for gravplassforvaltninga, så dette vil ikkje føre til noko ekstrautgifter.

Fordelen for Den norske kyrkja vil være at dei slepp å driva med offentleg forvaltning for alle innbyggjarar, og kan konsentrere seg om å drive trudomssamfunn for sine medlemmer.

Vi oppmodar derfor alle norske kommunar til å overta. Utfordringa går til kommuneleiinga og dei som er valt inn i kommunestyret. Her er eit brev vi har sendt til alle landets kommunar

Dersom vi får til denne omlegginga, vil det styrkja likebehandlinga mellom innbyggarane, og gjera Noreg enno betre når det gjeld likebehandling av tru og livssyn.