Hopp til hovedinnhold

– Spesielt viktig med eit tilbod no

I haust opna samtalerommet til studenthumanist Lone for fyrste gong. Eit halvt år seinare har dei mest inngripande tiltaka i fredstid vorte innført i Noreg. Korleis snakke med studentar når dei ikkje kan banke på døra hennar? Lone tek utfordringa på strak arm!
Nyheter

Sidan skulestart i fjor har Lone Ellingvåg Knutsen hatt over 70 samtalar med studentar. Til henne kan ein kome for å snakke om det meste. Gjerne tankar rundt eksistensielle og etiske spørsmål, men også kvardagslege hendingar og ting som opplevast litt vanskeleg. Jobben som studenthumanist handlar også mykje om å vise omsorg for medmennesket. No er Høgskulen i Volda stengt, både for studentar og tilsette. Alt for å stoppe spreiinga av Covid-19.

Korleis kan ein vise omsorg når ein ikkje er i same rom?

Både fridom og utfordringar

Som studenthumanist er jobben til Lone å vere synleg og tilgjengeleg for studentane i form av ein samtaleteneste, og å skape møteplassar og arrangement om aktuelle etiske og eksistensielle tema.

– Det skal eg fortsetje med, men eg må løyse det på ein litt anna måte ein eg har gjort til no. Tilbodet må no bli nettbasert og digitalt, og det blir spanande å finne løysingar for det, fortel Lone frå heimekontoret.

Lone har allereie kome i gong som digital studenthumanist, og har hatt nokon samtalar over nettet.
– Det eg fyst og fremst ønskjer å finne ut av er kva studentane opplever at dei treng akkurat no og i tida framover. I de samtalane eg har hatt er det fokus på den nye kvardagen som studentane har fått, og korleis den gir både fridom og utfordringar.

Det eg fyst og fremst ønskjer å finne ut av er kva studentane opplever at dei treng akkurat no

Ein del av jobben til Lone er også å vere tilgjengeleg som ein ressurs i kriser på høgskulen. Som studenthumanist er ho saman med studentrådgjevar, studentpresten og studierettleiar blitt kopla inn som samtaletilbod til studentar som treng nokon å snakke med i denne tida.

– Som studenthumanist gir eg ikkje råd om kva som er gode måtar å tenke på for studentane i disse tider, men utfordrar eigenrefleksjonen slik at ein kan undre seg saman. Det er nok av ekspertar som har tips og råd om kva vi bør gjere og ikkje gjere. Det er viktig å ikkje undervurdere seg sjølv når det kjem til å finne ut kva som er bra og viktig for ein sjølv, sier Lone.

Det er viktig å ikkje undervurdere seg sjølv når det kjem til å finne ut kva som er bra og viktig for ein sjølv

Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen i samtale med livsveileder Andreas Thorud. Begge har måtte funna alternative måtar til å møte menneske til samtale.

– Vi må nytte dei muligheitane vi har

Sjølv om Lone har kome godt i gang innrømmer ho at ho saknar å kunne møte studentane på kontoret sitt.
– Det fungerer ganske greitt. Studentane verkar komfortable og syns det har vore fine samtaler. Skulle nok sjølv ønskja at vi kunne møtast ansikt til ansikt. Ein går glipp av ein god del av kroppsspråket og stemninga ein skapar i rommet ved å snakkast over ein skjerm.

Lone meiner at vi må nytte dei muligheitane vi har til å halde kontakt og snakke med andre menneske. Ho er bekymra for at mange føler litt ekstra på einsemda i denne tida, også blant studentar som kanskje no sit på hybelen sin og ikkje får muligheit til å treffe andre studentar, vener eller familia si på same måte som før.

– Vi menneske er ikkje så glade i store forandringar, og eg tenker at behovet for tryggleik er sentralt og viktig no. Kanskje er ikkje denne tida så tøff fagleg sett for studentane, men eg trur den kan opplevast tøffare på alle andre måtar, ved at det er mykje nytt og annleis no, som ein må finne ut av. Og det studentane kanskje kan misse av faglig kunnskap kan dei få av viktige erfaringar og refleksjonar rundt det vi alle opplever no.

Vi menneske er ikkje så glade i store forandringar, og eg tenker at behovet for tryggleik er sentralt og viktig no

Alt vi har er kvarandre

– Det er kanskje spesielt viktig å ha eit samtaletilbod for studentane no. At denne nye kvardagen kan opplevast utfordrande for studentane tenker eg er heilt naturleg. Det vi no opplever er ei krise som påverkar oss alle på ulike måtar. Jobben min er jo nettopp å vere der for studentane når dei opplever noko vanskeleg, og derfor vil eg gjere mitt for å vere synleg og tilgjengeleg, understrekar Lone.

Lone er ikkje berre studenthumanist, men har også tittelen som humanistisk livsveiledar i Human-Etisk Forbund. Der skal ho vere ein ressurs for livsynssamfunnet både i kvardagen, store markeringar og kriser.

– Vi får no verkeleg muligheita til å ta fatt i noko eg tenker er veldig viktig: å sjå kva vi kan og bør bidra med som livssynshumanistar med slagordet «alt vi har er kvarandre». Det er mykje fokus på korleis vi no kan vere der for kvarandre, og at vi står tryggare og sterkare saman ein aleine. Det gjer meg trygg på at vi fiksar dette, avsluttar ho.

Vil du vite meir om Humanistisk livsveileding? Les her.

Er du student på Høgskulen i Volda og treng nokon å snakke med? Les her.