Hopp til hovedinnhold

Eventyrleg bryllaup på DNT-hytte

Roar Nes og Lisa Forslund hadde lenge planlagt å gifte seg. I sommar hadde dei bestilt yogacamp for heile familien på Reindalseter hytte på Sunnmøre. Så kom ideen om å gjennomføra vigselen på den idylliske hytta.

Vigsel kan bestillast i god tid før bryllaupet skal stå, men nokon gonger kan prosessen gå mykje raskare.

Det tok ikkje mange timar frå Roar og Lisa hadde lagt inn førespurnad om humanistisk vigsel til dei fekk tildelt ein vigslar. Plutseleg kunne dei gifte seg i løpet av den planlagte familieferien.

Paret frå Surnadal har kjent kvarandre sidan dei var 10 år, men fann først saman i vaksen alder. Til saman har dei barna Are (19), Julian (14), Ulrik (straks 12), Ronja (11), Simone (9) og Ruben (8). Reindalseter var fullbooket då bryllaupet skulle stå, så det var dei seks barna, saman med dei andre yogacampdeltakarane som utgjorde gjestene.

– Det viktigaste var at vi hadde ungane med oss. Are, Roars eldste son, var vitne for han, medan yogalærar Marit stilte som vitne for meg, fortel Lisa.

Vigslar Anne Katrine Jensen sa raskt ja til oppdraget om å vie Roar og Lisa. Foto: Albertine L. Vestvik.

# Inspirert av vigslar

Roar og Lisa hadde sett for seg ein enkel seremoni.

– Vi er ikkje så høgtidelege av oss, så vi hadde berre planlagt Vårsøg, eit dikt og at vi skreiv under vigselspapira. Så hadde vi eit veldig triveleg møte med vigslar som inspirerte oss til å utvida programmet.

Kvelden før bryllaupet kom servitøren på Reindalseter bort til paret og lurte på om han fekk bidra med trompetspel under seremonien. Drengen på hytta kunne Vårsøg på munnspel, og som det ikkje var nok, kom ein hyttenabo og ville bidra med trombone. Plutseleg vart musikken til vielsen i ein heilt annan klasse.

# Meir enn dei håpte på

– Med dei musikalske innslaga, det fine diktet og den litt gøyale talen fekk vi eit breitt innhald som vi tykte representerte oss på ein god måte. Det vart veldig personleg, seier paret.

Dei tilsette på Reindalseter sørga for ein staseleg feiring. Det vart pynta til fest og alle 'budeiene' hadde festdrakter på. Det var til og med ei som stilte som fotograf.@Utover kvelden ble paret overraska med bryllaupskake og fleire musikalske innslag. Det vart mellom anna brudevals, og paret fortel at det var veldig rørande då heile personalet kom inn og song 'All you need is love'.

– Det vart verkeleg som eit eventyr. Mykje meir enn vi håpte på.

Spisestuestolane på Reindalseter vart flyttet ut på tunet i anledning vielsen. Foto: Albertine L. Vestvik.