Hopp til hovedinnhold

Med dialog som føresetnad

Nyheter Eksistens
– Studiet har gitt meg ei forståing og innsikt i dialogen som ein førutsetnad for Humanistisk livsveiledning, og mitt møte med studentane og i samtalar med dei.

Før Lone Ellingvåg Knutsen ble tilsett som studenthumanist ved Høgskulen i Volda, tok ho emnet Filosofiske, etiske og eksistensielle dialogar ved Universitetet i Oslo.

15.desember er det søknadsfrist, og Lone anbefaler å søke!

Per i dag er emnet, som gir 10 studiepoeng, den beste vegen inn i ei rolle som humanistisk livsveileder. Målet med emnet er at ein skal ha kompetansen til å kunne ha ei profesjonell rolle som dialogpartner i filosofiske, etiske og eksistensielle dialogar med både enkeltpersonar og grupper etter å ha gjennomført studiet. Les meir om emnet på UiO sine nettsider.

Emnet har hjulpe Lone i hennar jobb som studenthumanist

Lone E Knutsen_Foto Tone Solhaug_03.jpg

– Studiet har gitt meg ei forståing i korleis det å møte menneske i deira anstrengelsar kan fungere ved at ein ser mennesket som unikt og som ekspert på eige liv, der eg som humanistisk livsveiledar tek ei ikkje-vitande haldning og er med å skape det utforskande felleskapet i dialogen som skjer mellom oss, seiar Lone Ellingvåg Knutsen. Ho har sidan august i år jobba som studenthumanist ved Høgskulen i Volda.

Humanistisk livsveiledning skal støtte menneske i å handtere eller reflektere rundt etiske og eksistensielle spørsmål, eller forhalde seg til spesielle betingelsar som er relatert til det å vere menneske. Ein møter menneske der det er, og slik det er. Og det essensielle i humanistisk livsveiledning er eit ønskje om å støtte menneske i deira anstrengelsar for å leve gode og meiningsfulle liv.

Å bli ein god dialogpartnar

Det viktigaste ein lærer i emnet er å bli ein god dialogpartnar. Grunnlaget for det blir lagt i ei brei teoretisk forståing av dialogen som eit utforskande fellesskap. Ein lærer på den måten kva som fremjar gode filosofiske, etiske og eksistensielle dialogar. Ein lærer samstundes å reflektere over både sin eigen og andre si livserfaring og å leie livsnære dialogar. 

Lone trekker fram at det er lagt opp til mykje tid til øvingar og praksis, for å utvikle tryggheit og merkdems i samtalesituasjonen. 

Kven kan ta emnet?

Om det er ledig kapasitet etter at studentar ved relevante studieprogram på Teologisk fakultet har søkt, så kan det innvilgast enkeltemneopptak for søkarar med relevant fagleg bakgrunn som i utgangspunktet ikkje er studentar på UiO. Det gjeld både studiar og praksis på bachelornivå eller tilsvarande. Det viktige her er at ein må registrere seg med generell studiekompetanse ved Universitetet i Oslo.

Lone har og eit inntrykk av at dei er opptekne av å få studentar med ulike bakgrunnar og kompetanse, for det gir i seg sjølv ein verdi i refleksjonane og praksisen.

Les meir om humanistisk livsveiledning