Hopp til hovedinnhold

Regnboge­dugnad på Bømlo

Hopp til innhold

Vi vil alltid stå opp mot store og små krefter som ønsker å begrense menneskers frihet til å elske.

10. august blei regnbogeflagget heist på rådhuset i Bømlo, for å vise støtte til «Storapride» i nabokommunen.

Det var formannskapet i Bømlo kommune som fatta vedtaket, fordi:

«Bømlo skal vere eit samfunn kor alle skal kunne bli inkludert og ha like sjansar i samfunnet, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisitet».

Dette blei for hard kost for nokre, og kommunen blei anmeldt for brot på flagglova av Partiet De Kristne.

(Lova opna i 2014 for å flagge med andre flagg enn det norske, samiske, kommunale eller fylkeskommunale på offentlege bygg.)

Skjermbilete av ein NRK-sak som dekka at Bømlo kommune hadde blitt politimeldt for brot på flagglova.

# Kva gjorde vi?

Natt til 26. august samla lokale frivillige seg og fargela Bømlo sentrum i regnbogefargar. Rundt 300 flagg blei hengt opp på torg og lags vegar, samt delt ut på trappa til Bømlingar for å gi dei moglegheita til å vise si støtte.

Vi vil alltid stå opp mot dei som ønskjer å innskrenke menneske sin fridom til å elske.