Hopp til hovedinnhold

Konfirmasjon i Nordfjord

Sogn og Fjordane
K Konfirmasjon
Humanistisk konfirmasjon er eit kurs i livssyn og etikk, med ein høgtideleg avsluttande seremoni.

Konfirmasjonskurset oppmuntrar til sjølvstendig tenking og etisk refleksjon. På kurset vert det tatt opp ei rekke spørsmål. Spørsmål som er viktige i kvardagen, men også store spørsmål om verda. Ofte heng desse saman. Vi oppmuntrar alle konfirmantane til å delta aktivt og til å sjå kritisk på eigne og andres haldningar. Vi ønsker å inspirere til å tenke sjølv, slik vi har gjort i 60 år

Viktige tema på kurset er livssyn, humanisme, kritisk tenking og menneskerettane. I tillegg kan engasjement, empati, rasisme, toleranse og kjønnsroller vere aktuelle emne.


Kursdag: Søndager

Innhold:

15.11.2017 - Bli kjent
07.01.2018 - Kritisk tenkning, humanisme og livssyn
20.01.2018 - Leir i Flekke
21.01.2018 - Leir i Flekke
04.02.2018 - Identitet og sosiale avvik, menneskerettigheiter
04.03.2018 - Kultur og etnosentrisme, etikk og moral
15.04.2018 - Eit tema valgt av gruppa
03.05.2018 - Generalprøve

05.05.2018 Konfirmasjonsseremoni

Seremoni 1: kl 11:00
Seremoni 2: kl 13:00