Hopp til hovedinnhold

Foredrag med filosofen Morten Fastvold

Nyheter Sogn og Fjordane
Laurdag 30. mars var det lokallagsamling med mellom anna eit spennande foredrag av filosofen Morten Fastvold i programmet.

Morten Fastvold (f. 1954) er filosof og har mellom anna skrive boka Kritisk Tenkning. Sokratisk samtaleleiing i skulen. Fastvold driv eigen filosofisk praksis, og er for tida tilsett i Human-Etisk Forbund si livssynsavdeling.

Morten heldt eit ope dialogmøte og ein workshop om Chaplaincy - livsynsbetening. Eit spennande tema om korleis det blir tilrettelagt for trus- og livssynsmangfaldet på sjukehus, sjukeheim, i fengsel og i forsvaret? Korleis kan personale bli betre rusta til å møta eksistensielle behov hos menneske med ulik tru og livssyn?

Workshopen vart avslutta med eit foredrag om det humanistiske livssynet. Kva er eigentleg det idémessige grunnlaget for livssynshumanismen?

Humanisme, forstått som eit sekulært livssyn, distanserer seg frå religionar basert på heilage skrifter og guddommelege openberringar. Sidan livssynshumanister finn det som svært usannsynleg at det finst nokon skapargud, eller andre formar for overnaturlege intelligensar eller vesen, må livssynshumanisme ha eit anna, jordisk grunnlag, i form av eit reint menneskeskapt tankegods.

 

Det inneber at livssynshumanismen verken er ufeilbarleg eller har eksistert sidan tidenes morgon. Livssynshumanismen har oppstått historisk og bunden til det menneskeleg feilbarlege, og er av den grunn i stadig utvikling. Viss dette kan verka for lite solid, eller til og med litt puslete, for den som er oppflaska med eit gudesentrert livssyn, er dette noko vi må læra oss å leva med. Utan ei tru på gudar eller noko anna overnaturleg som opphav til etikk og verdsorden, må vi òg avlæra oss tiltrua til «evige sanningar», slike som kjenneteiknar kristendommen og andre gudesentrerte religionar.

Humanismen er eit sekulært livssyn. Det har som utgangspunkt at menneske er del av naturen, fødd frie og med same menneskeverd og rettar, utstyrt med fornuft og samvit.

Vi takkar Morten Fastvold for ei flott ramme rundt lokallagssamlinga og ein fin avslutning før årsmøtemiddagen.