Hopp til hovedinnhold

Vi treng kursleiar for konfirmantane i Sand/Sauda

Nyheter Rogaland
Bur du i Indre Ryfylke eller på Haugalandet? Er du ein ansvarleg vaksen som er flink med ungdom? Då kan du melde deg som kursleiar for våre konfirmantar i 2020.

Vi håpar i år å få ein kursleiar lokalt til å verta med på laget! Er det kanskje noko for deg, eller kjenner du nokon som kunne passa perfekt? Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat.

Eit engasjement som kursleiar passar for deg som identifiserer deg med verdiane våre, og har lyst til å tilretteleggja og gjennomføra eit humanistisk kursopplegg for ei gruppe flotte ungdomar. Som kursleiar planlegg og gjennomfører du kurset i tråd med sentrale retningslinjer og i samarbeid med konfirmasjonsutvalet i Sand/Sauda. Alle kursleiarane våre deltar på eit kurs i Stavanger, her får du opplæring i kursleiarrolla og hjelp til å laga kursopplegget. Du får tilgjenge til ei rekkje læringsressursar, men kan tilpassa kursinnhaldet etter deg sjølv - og ikkje minst konfirmantane.

Kurset i Indre Ryfylke er eit helgekurs med eit informasjonsmøte før jul og 2 helgesamlingar på dagtid til våren, i tillegg til rollespel i Sandnes/Stavanger og førebuing til seremoni.

Tema i kurset er blant anna:
Menneskerettar
Livssyn, etikk, humanisme
Kritisk tenking
Og mykje, mykje meir!

Kursleiar må:
- Vere(eller verta) medlem i Human-Etisk Forbund
- Vere over 18 år og ein tydeleg vaksenperson
- Kunne få god kontakt med ungdom og kan samarbeida med andre
- Leggja fram politiattest
- Delta på felles opplæring for alle kursleiarar i Rogaland 10.-11. november

Kursleiarar mottek eit honorar. Alle som er kursleiarar har òg krav på attest.


Er dette noko for deg?
Send oss ei e-post med søknad til rogaland@human.no


Vi håpar å høyra frå deg!

Med vennleg helsing

Konfirmasjonsutvalet i Sand og Sauda