Hopp til hovedinnhold

Vi treng kursleiar til konfirmantane i Sand/Sauda!

Nyheter Rogaland
Vi har 14 påmelde konfirmantar for 2019, og vi synest det er utruleg kjekt at så mange allereie har valt Humanistisk konfirmasjon. Påmeldingsfristen er 1. oktober.

Kursleiar til konfirmantane i 2019 er sikra med god hjelp frå andre lokallag i HEF. Men vi håpar likevel å få ein kursleiar lokalt til å verta med på laget! Er det kanskje noko for deg, eller kjenner du nokon som kunne passa perfekt?

Eit engasjement som kursleiar passar for deg som identifiserer deg med verdiane våre, og har lyst til å tilretteleggja og gjennomføra eit humanistisk kursopplegg for ei gruppe ungdomar.

Kursleiarane våre planlegg og gjennomfører kurset i tråd med sentrale retningslinjer og i samarbeid med konfirmasjonsutvalet i Sand/Sauda. Dei får tilgjenge til ei rekkje læringsressursar, men må tilpassa kursinnhaldet etter seg sjølv - og ikkje minst konfirmantane.

Tema i kurset er blant anna:
Menneskerettar
Livssyn, etikk, humanisme
Kritisk tenking
Og mykje, mykje meir!

Kursleiar må:
- Vere(eller verta) medlem i Human-Etisk Forbund
- Vere over 18 år og ein tydeleg vaksenperson
- Kunne få god kontakt med ungdom og samarbeida med andre
- Leggja fram politiattest
- Delta på felles opplæring for alle kursleiarar i Rogaland 10.-11. november


Kursleiarar mottek eit honorar. Alle som er kursleiarar har òg krav på attest.

Er dette noko for deg? Send e-post med presentasjon av deg sjølv til rogaland@human.no


Vi håpar å høyra frå deg!

Med vennleg helsing

Konfirmasjonsutvalet i Sand og Sauda