Hopp til hovedinnhold

The book of Mormon

Det Norske Teatret, Kristian IVs gate, Oslo, Norge A Arrangement
Sammen i teater, seniorgruppen inviterer!

Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Men så er det ikkje kven som helst som har signert verket. Trey Parker og Matt Stone har i årevis utfordra alle religionar, ideologiar og tankesett gjennom serien og filmen South Park. Ingenting er for heilagt for denne duoen.

Misjonærar i Uganda

Mange har hatt ein ung, velkledd og hyggeleg mormonar på døra. Men få har slept han inn. Det gjer vi. Med Vidar Magnussen som debutant i registolen følgjer vi to unge misjonærar på sitt fyrste utanlandsopphald. Dei blir sende til Uganda. Utfordringane er langt større enn dei kunne førestille seg. Der dei håpa å kunne spreie ordet om den viktige boka som vil gi deg eit betre og meir opplyst liv, møter dei eit lokalsamfunn som strir med aids, svolt, omskjering og lokale krigsherrar. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.

 

Humor med kjærleik

– Eit ateistisk kjærleiksbrev til ein religion, har skaparane av The Book of Mormon kalla musikalen. Intensjonen var aldri å gjere narr av mormonarane. Det kunne like gjerne ha handla om ein annan religion. Dei vaks opp i Colorado, kjente mange mormonarar og dei elska musikalar.

– Mormonarar er så glade, så det måtte bli ein glad musikal av dette, seier dei. – Og så har dei jo ein heilt eigen skapelsesberetning. Ein klassisk musikalformel med eit alt anna enn klassisk plot var altså arbeidsformelen. Å finne humor i det fornærmande og likevel gjere det med varme, er grunnen til at sjølv mormonarkyrkja har femna om musikalen og til og med kjøpt annonsar i programmet.

For som vi vil oppleve på scenen, så lenge du trur, er det ikkje fullt så viktig kva du trur på. Eller kva som eigentleg står i den boka.

 

Suksess frå Broadway og West End

The Book of Mormon hadde premiere på Broadway i 2011, og blei sett opp på West End to år seinare. Framsyninga trekker framleis fulle hus både i New York og London, og er no endeleg klar for eit norsk publikum.

Arrangementet er åpent for alle, uavhengig av alder. Billettene koster kr 445 pr stk (ordinær pris 555 kr). Vi har et begrenset antall billetter. Førstemann til mølla!

En påmelding pr person – bestiller du for flere, må du sende en påmelding pr person.

 

Meld deg på her.