Hopp til hovedinnhold

HEF har eige bridge-lag

Hordaland
Lyst til å spela bridge?

Bridgelaget møtest tysdagar kl 18:30 i HEF sine lokale i Valkendorfsgaten 3, Bergen.

Vi bruker kortkveldane til både å læra oss teori og praktisera det vi har lært. Vi bruker eit naturleg meldesystem (4-korts opningar, sterk 1NT) med dei konvensjonane vi treng for å løfta meldingar og speleføring til eit høgare nivå. Dei som er med påstår at vi har eit hyggjeleg miljø med mykje løye og lått.

Har du lyst, har du lov: vi har alltid plass til fleire spelarar! Du kan melda interessa di ved å senda ei e-postmelding til anten arne.sandahl@online.no eller hef-bridge@thecomputersays.no, eller so kan du berre møta opp.


Hugs at livet er kort - spel bridge ;-)